Saturday, August 3, 2013


LOVELETTERS
EN FORLOVELSESHISTORIE FRA VOSS


En kjærlighetshistorie fra vakre Vossabygda. Ingvild og Vegard hadde en leken, morsom, og kjærlightesfull forlovelsessession, fanget av flinke og krestive Mint & Love, hvor fotografen også er Ingvild sin søster. Vi synes dette er en særdeles inspirerende forlovelsesshoot, fra vakker norsk natur, og vi gleder oss til å vise dere bryllupsbildene. Happy Love!


INGVILD & VEGARD FORTELLER: "Det er ingen spennande og romantisk historie om korleis me møtte kvarandre, dessverre, eller kanskje ikkje. 

Me gjekk på samme folkehøgskule og forholdet vårt starta med at me var vennar. Etter nokon år flytta eg til Oslo, me tok opp kontakten. Og før me visste ordet av det etter nokon gåturar saman, mange gode samtalar, mange turar på kino så sto me plutselig å kyssa kvarandre på kjøkkenet på eit nachspel. Forholdet vårt har som sagt ingen romantisk start, men er heller av den typen som har blitt bedre og bedre etter kvart som tida har gått.

5 år seinare hadde eg akkurat komt heim til Oslo etter å ha vore på reise i Asia i 3 månader. Det var mange å møte og spesielt fint å sjå Vegard att. Han bad meg halde av mandag kveld slik at me kunne ha litt tid saman. Seinare på dagen fekk eg beskjed om å møte han på Aker brygge. Der stod han med to koppar kakao med krem, tok meg i handa og sa: Er du klar for kino? Eg må innrømma at eg lurte på kva han hadde i tankane, men etter desse orda var eg overbevisst om at det "berre" var kino som var planen. Etter kinoen gjekk me saman hand i hand oppover Karl Johan, snakka om filmen og om reisa mi. Eg har lenge vore fasinert av Bristol hotell i Oslo, historien, interiøret og korleis det verkar som om alt har stått stille i 150 år. Vegard fortalte plutseleg at faren hans var på eit møte i byen og at han gjerne ville møta oss. Me gjekk, tilfeldigvis til Bristol hotell, opp trappene og til eit av romma. Vegard opna døra og på eit bord stod det klart middag og vin. På bordet låg det også scrabblebokstavar med teksta "Vil du gifte deg med meg?" Eg nesten ropte ut eit høgt og tydelig JA og var så lykkelig så berre det!"


FOTOGRAF: Mint & Love


Popular Posts