Wednesday, August 14, 2013



ROMANTIKK FRA SUNNMØRSKYSTEN



Dette sommerbryllupet fra vår vakre sunnmørskyst er sendt til oss av Marianne, som er damen bak Ljos Foto. Mari Ann og Kjetil giftet seg 22. juni, og var litt spent på om bryllupsfotografen deres nådde frem i tide. Hvis du lurer på hvorfor, kan du lese det nederst i bloggposten. NWB har også vist forlovelsesbildene deres. Her er iallefall det flotte brudeparet og deres store dag! Gratulerer - og tusen takk for at dere ville dele dagen med oss.



BRUDEN FORTELLER: Beste minne: Det er vanskelig å sette eit minne høgare enn andre. Då dagen frå morgen til langt på natt er fyllt av fantastiske, heilt unike minner. Men eit magisk minne var då brudens søskenbarn, Jeanette E. Goldstein (mezzosopran) sang "Nella Fantasia" i kyrkja.

Hvorfor Ljos Foto: Bruden hadde eit ønske heilt frå starten av, og det var Marianne (Ljos foto). Veldig kjekt at ei god venninne frå videregående har blitt ein så dyktig fotograf! Med ein gong etter at datoen for bryllupet var satt, tok eg kontakt. Nedturen var stor då vi fann ut at det var den dagen Marianne skulle kome heim frå Mallorca. Sukk. Men før vi rakk å begynne å tenke på andre fotografer ga Marianne lyd frå seg. Ho tok jobben!! Flyet skulle lande nokre timar før vielsen vår. Så sporty av Marianne, og så risikabelt av oss. Vi måtte berre krysse fingrane. Heilt ærleg så var eg aldri redd for at ho ikkje skulle rekke det. Kvar den roen kom i frå, oppi alt, veit eg ikkje. Vi vart veldig positivt overraska etter forlovelsesbilda. Utruleg fine bilder! Fint lys, og veldig spennande med dei ulike bakgrunnane. Og då vi fekk ein smak av bryllupsbilda vart vi overraska på ny. Fantastiske bilder! Fargane, lyset, steminga og kontrastane i dei ulike bileta. Vi er så fornøgd! Du har verkeleg gitt oss eit unikt minne. Tusen takk, Marianne, Ljos Foto. Marianne er ein utruleg søt person. Full av energi og alltid eit smil på lur. Veldig kreativ og er stadig på leit etter det rette ljos! Lett å samarbeide med. Le med. Marianne er bittelitt for lav i enkelte samanhengar - noko vi stadig fekk høyre under fotoshooten: " Åh...ej sku gjerne ha vore litt høgare. Sku hatt med meg ein krakk". Marianne er veldig målretta. Får gjort så mykje på kort tid. Imponerer stadig. Ja, denne dama er dyktig!

LEVERANDØRER: Bryllupsfotograf: Ljos Foto // Brudekjole: Mark Lesley // Sko: Dina // Smykke/øredobber: Snö of Sweden // Hår og make-up ved Oddrun's Hårpleie // Brudgommens Antrekk: Dress fra Bertoni, Skjorte fra Eterna, Vest og slips fra Wilvorst // Sko: Pier One // Hårklipp Oddrun's Hårpleie // Selskapslokale: Rekkedal Gjestehus

Popular Posts